Forfatterarkiv: web-admin

Som vist på TV

I førre veke hadde vi besøk frå NRK og Vestlandsrevyen. I kveld gjekk innslaget på TV. Det vart absolutt eit flott innslag og viste at ein avstand på 350 km ikkje var til hinder for at utflytta trenar Frank Eide kunne medverke. Det vart heller sjølve saka.

3 x sølv, og ein bronse i NM inne 2023

Sølvlaget i recurve U16, Madelen, Ella og Ane

NM innandørs 2024 er over i Vigrahallen og vi i Førde bogeskyttarklubb kan summere opp. Vi kan seie oss godt nøgde med medaljefangsten, sjølv om det var litt stang ut for enkelte. Vi har med oss fleire medaljar heim att til Sunnfjord:
🥈 til Victoria, 🥈 til Lene, 🥉Ane og 🥈 til Madelen, Ane og Ella i lagskyting.
GRATULERER og GODT JOBBA .
Førde vart også 12. beste av 37 deltakende klubbar.
Til slutt gratulerer vi også alle NM-vinnarar, medaljørar og arrangørane i Vigra IL Bueskyttere. Vi skytast

Ane på pallen i recurve jenter U16

Lene på pallen i recurve jenter U18

Victoria på pallen i recurve jenter U21

Kveldsstemne i Førdehuset

Elleve skyttarar på linja, og mykje god skyting også i kveld i Førdehuset, spesielt med tanke på at mange hadde skote 60-piler på stemnet på Vigra i helga. Det vanka perser for Vilde og Alexander som skaut sitt første stemne på 40-skive, medan også Madelen sette pers for tredje stemne på rad. Terje stod for kveldens beste poengsum med 520.
Spørst om det ikkje må investerast i fleire bingoegg framover. I kveld rauk dei eitt etter eitt. Først til Christian, så Madelen og til slutt Ella. Nok ein gang, dette lovar godt til NM.
Hugs at vi har utstyrsavtale med Arctic Buesport

Regionmeisterskap nordvest 2023

  
Vipps så var årets siste regionmeistrar kåra i Nordvest. Gratulerer!
Staden var Halbrendhallen i Førde, der 16 skyttarar frå Førde, Vigra og Ålesund varta opp med til tider imponerande skyting i det Jan Roar skildra som fin temperatur for handball.
Tette og jamne finalerkampar om medaljane, som inneheld det meste: comeback, nerver, skuffelse, søskenoppgjer, veninneoppgjer, familieoppgjer. Til slutt kunne likevel dei fleste reise heim med pokal og medalje, men også med heva hovud over gode resultat. Ingen nemnde, ingen gløymde.
Vi takkar Naustdal Dampbakeri a/s for nydelige frukostbrød, og sjølvsagt Arctic Buesport, vår partner og støtte når det gjeld tilgang til riktig utstyr og gode prisar.
Til slutt takkar Førde bogeskyttarklubb gode vener og konkurrentar frå Vigra og Ålesund for godt selskap. Så skytast vi igjen

Ungdomssamling med landslagstrenar Morten Bøe

Det vart ei innhaldsrik og lærerik helg med landslagstrenar Morten Bøe i Halbrendhallen til inspirasjon for 11 bogeskyttarar frå Vigra og Førde som fekk både tilsyn av utstyr og teknikk. Vigra hadde med seg paintball à la bogeskyting – sokalla archery tag. Her har nok Førde-skyttarane ei og anna oppmoding til styret
Laurdag kom også avisa Firda på besøk. Berre å følgje med der framover altså.
Laurdagskvelden vart avslutta med taco og spel og moro i Sunnfjordparken Trampolinepark & Leikeland. Her levde konkurranseinstinktet vel så bra hos dei eldste som hos dei yngste.
Populært med archery tag også søndagen, men det vart også bra med tid til å finpusse teknikken. No handler det om å ta med seg dei gode råda frå landslagstrenaren til skytelinja. Så blir dette meget bra.
Til slutt: Ingen samling utan dugnadsinsats. Takk til foreldre som laga god mat både laurdag og søndag. Ikkje minst stor takk også til REMA 1000 Førde og Extra Førde som leverte varene. Slike støttespelarar er utruleg gode å ha.
Ei stor takk til Sparebanken Vest og regionstyret som gjorde samlinga mogleg – og til Arctic Buesport vår partner og støtte når det gjeld tilgang til riktig utstyr og gode prisar.

Victoria får finpuss på teknikken av Morten Bøe

Sosial kveld med spel og moro

Archery tag, bogeskyting etter paintball-metoden

Norsk rekord for U16-jentene

U16-jentene med diplomar

U16-jentene med diplomar. F.v.: Vilde Fauske Aalen, Ane Sandnes-Tonning, Lene Fauske Aalen. Foto: Privat/Førde bogeskyttarklubb

Under kveldsstemnet i september slo U16-jentene våre til med eit knallresultat og noterte seg for ny norsk rekord på 30 piler for recurvelag, 745 poeng. Dette blei markert i samband med eit nytt stemne måndag kveld.

Då fekk Vilde Fauske Aalen (15), Lene Fauske Aalen (15) og Ane Sandnes-Tonning (14) kvar sin diplom frå bogeskyttarforbundet som synleg bevis for bragden. Tvillingane Fauske Aalen deltok tidligare i år på laget som tok bronse under NM innandørs i Sandefjord. Det gjorde òg Ane, som i tillegg var med på laget som tok sølv under NM skive på Sørumsand. Ikkje nok med det, for i stemnet i forkant av diplomutdelinga skaut Lene like godt 527 poeng. Det er beste poengsum for u16 recurve 60 piler så langt denne sesongen, uansett gutar eller jenter.

Etter to år med nedgang i medlemstal er bogeskyttarsporten på fram gang på landsbasis. I FØrde har vi også opplevd ein fin utvikling både i tal medlemmar og sportsleg med mange gode resultat. Sålangt i år har klubben sanka mykje edelt metall både individuelt og som lag i nasjonale og regionale meisterskap, og det er ungdommen som går føre.

Forbundets sølv til Ole Magnar

Ole Magnar med diplomOle Magnar Stein ble tildelt Bueskytterforbundets hederstegn i sølv for sin innsats for klubb og idrett. Hederstegnet ble delt ut på bueskytter tinget som pågår ved Gardermoen denne helga. Ole Magnar ble også tildelt æresmedlemskap på årsmøtet i klubben 7. april.

Ole Magnar hevder med kjent selvironi at han sannsynligvis er en av dem i Norge som over tid har SETT flest bueskytterstevner som pappa, instruktør, ledsager, tillitsvalgt, dommer og funksjonær før han også begynte å skyte selv, men også etterpå. I klubben er han en viktig kunnskapskilde, erfaringsbærer og stemningsskaper, samtidig som han har et jordnært og pragmatisk tilnærming til idrettens vesen og alt rundt. Med en vid kontaktflate har han åpnet mange muligheter for klubben som har vært nyttige til kompetanseutvikling, nye aktiviteter og uante muligheter. Ole Magnar er heller ikke av dem som sier nei når noe skal gjøres. Han er et sikkert kort når det må dugnad til.

Uten Ole Magnars organisasjonsevne, ukuelige pågangsmot, tiltakslyst og gode humør ville slike ting som NM innendørs 2019 i Førdehuset neppe vært mulig.

Førde bogeskyttarklubb gratulerer vår Grand Old Man.

Pallplass til alle

Vi sendte to unge deltakarar som knapt har konkurrert utanfor Sogn og fjordane til NM på austlandet og får begge to på pallen i recurve rekrutt hhv. jenter og gutar. Ein skal jo alltid vere optimist, men den sunnfjordske realismen er snar om å hente deg ned på jorda. Likevel, desse flotte ungdommane tok heim med kvar si medalje. Meir enn det er det vanskelig å ønskje seg, og ein skal slett ikkje forvente det.

GRATULERER så mykje med sølv til Victoria Selvik, bronse til Jan Tomkiewicz, og all heder til trenar Frank Eide som har stått timesvis bak dei for å få dei viktige detaljane på plass. Tusen takk for fenomenal innsats! God tur heim over fjellet.

Foto: Tormod Roth, Vigra IL/Region Nordvest

Velkvalifisert

NM-trio 2021Ungdomane våre har som vi håpa på gjort ein knallbra innsats i kvalifiseringa under NM innandørs i Tønsberg i dag; 2. plass til Victoria og 4. plass til Jan. Difor har begge to gode kort på handa inn mot utslagsrunder og finaleskyting på søndag. Vi kan ikkje anna enn å vere nøgde med andre- og fjerdeplass og poengsummar heilt oppunder personleg rekord eller godt over. Jan Tomkiewicz forbetra seg med heile 33 poeng! Vi takkar, gratulerar og ønskje lukke til vidare.
Matchoppsett søndag for recurve rekrutt jenter: https://ianseo.net/TourData/2021/9402/IBRRJ.php
Matchoppsett søndag for recurve rekrutt gutar: https://ianseo.net/TourData/2021/9402/IBRRG.php
Følg med! No blir det spanande. Det er berre å krysse både fingre, tær og alt anna.