Hovudsida · Nyheitsoversikt · Artiklar · Dokument · Søk · Kontakt oss · Logg inn December 13 2017 22:47:58
Navigasjon
Hovudsida
Nyheitsoversikt
Artiklar
Fotoalbum
Nettlenkjer
Kontakt oss

Send lenkje
Send aktivitet
Aktivitets-kalender

<<Des 2017>>
MaTiOnToFrLS
123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Nyaste artiklar
Resultat frå trenin...
Grasrotandelen
Norske rekordar i kl...
Kva er bogeskyting?
Godt nytt bueskytterår!

2014 er i gang


NM skive 2013. F.v.: Magne Aarberg, Benjamin Bjerknes, Runa Gjerland. Foto: Trond Brekke

Vi har sannelig noe å strekke oss etter hvis framgangen skal fortsette, men heldigvis er det ting som tyder på at opptil flere har som mål å skyte både mer og bedre i år enn i fjor. Men 2013 ble altså et aktivt og framgangsrikt år for Førde bogeskyttarklubb. Blant høydepunktene vi kan nevne er:
- 100 stevnestarter, og vi arrangert hele åtte stevner selv.
- 20 aktive konkurranseskyttere har vært i sving
- 15 skyttere deltok i ett og samme stevne
- Norsk rekord på 720-runde i Hafstad idrettspark ved Benjamin Bjerknes
- NM-gull inne for recurve rekrutt lag med Mathias V. Bredesen, Andreas Skålvik og Nataniel Eide
- NM-sølv inne for recurve herrer 50+ til Ole Magnar Stein
- NM-gull skive (ute) for recurve damer junior til Runa Gjerland
- NM-bronse skive for trad herrer senior til Magne Aarberg
- Fem plasseringer på bueskytterforbundets Topp 10-lister

VI takker for innsatsen, og ønsker alle et godt, nytt og treffsikkert bueskytterår!
Treningene starter opp igjen torsdag 2. januar, og 16. januar er det nytt kveldsstevne.
- VELKOMMEN -
Stadfesting av ny rekord

Rekorden er godkjent

Under stemnet vårt i Hafstad idrettspark 8. juni 2013 sette Benjamin Bjerknes frå Førde bogeskyttarklubb ny norsk rekord for klassen tradisjonell rekrutt gutar med 577 poeng på ein 720-runde. Det var ein forbetring av den gamle rekorden med over 100 poeng.

No er den offisielle stadfestinga frå forbundet komen, og vi kan gratulere Benjamin med prestasjonen som ga idrettsparken ein knall start med norsk rekord allereie før noko anna enn to fotballbanar er ferdig. Benjamin har tidlegare satt rekord i same klasse innandørs.
Norske rekordar i idrettsparken

Førde bogeskyttarklubb arrangerte i dag nasjonalt bogeskyttarstemne i Hafstad idrettspark. Femten deltakarar stilte til start, mellom dei fjorten år gamle Benjamin Bjerknes frå Sande. Han har frå tidlegare hatt norsk rekord innandørs, men i dag var han på jakt etter rekorden på 72 pilar utandørs. Avstanden var 25 meter. Det blei ein kjekk dag på kunstgraset i idrettsparken.
Stemne med noko attåt

Sommarstemne og sommarfest i Førde

Førde bogeskyttarklubb inviterar til 720-stemne for alle approberte klasser laudag 8. juni 2013. Stemnet blir arrangert i Hafstad idrettspark som er under bygging. Dette blir det første offisielle arrangementet i idrettsparken utanom fotballkampar.

Startpengar:
Senior kr 200,- Aldersbestemte klassar kr. 100,-
Vi ønskjer klubbvis påmelding til forde@bueklubb.no innan 1. juni. Vi ber óg om at deltakarar frå tilreisande klubbar betalar startpengar samla til kto. 3700.35.00234. Ta ells kontakt med Jan Roar Sekkelsten, tlf.: 911 48 702 eller e-post: forde@bueklubb.no om du har spørsmål.

Same dagen er arrangerast Sommarfest i Sunnfjord med konsertar av artistar som Madcon og Big Bang. Det foregår mykje anna moro óg, så sett av helga og kom til Førde!
Korrespondanseserien 2012-2013

Jubelen vil ingen ende ta!

Årets innendørsserie for ungdom er ferdig og resultatlistene er særdeles hyggelig lesning:

Recurve Rekrutt Gutter, 13-15 år:
Nr. 2: Mathias Vangen Bredesen, 1495 poeng (516-498-481)
Nr. 6: Nataniel Eide, 1376 poeng (475-454-447)

Recurve Mini Junior Gutter, 11-13 år:
Nr. 1: Andreas Skålvik, 1607 poeng (552-534-521)
Nr. 18: Steffen Solemsli, 326 poeng (326)

Tradisjonell Rekrutt Gutter, 13-15 år:
Nr. 1: Benjamin Bjerknes, 1310 poeng (451-440-419)
Nr. 6: Luis Behme, 776 poeng (276-269-231)

Tradisjonell Mini Junior Gutter, 11-13 år:
Nr. 1: Anton Behme, 1350 poeng (474-466-410)

10-årsklassen:
Tobias Blom Hegrenes, 1328 poeng (460-448-420)

Sjå fullstendig liste

Vi gratulerer alle sammen med strålende innsats. Dette lover godt for utendørssesongen som står for døra!
Godt nøgde etter NM innandørs

Jubelhelg på Nordmøre


Medaljer, pokaler og god stemning er oppsummeringa etter NM innandørs i Kristiansund 6. og 7. april. Ikke riktig alle deltakarane frå klubben fekk ekstra bagasje med heim, men seks av ni er likevel ikkje dårleg med tanke på at berre tre hadde vore med til eit NM før. Rekruttane våre vann lagkonkurransen suverent og Ole Magnar Stein henta heim sølvmedalje i recurve herrar 50. Førde bogeskyttarklubb blei tross storleiken tiande beste klubb i meisterskapen totalt.

NRK Sogn og Fjordane skriv om gullgutane våre på nettet
NM innandørs i Kristiansund

Stor tropp til NM

I dag sett åtte bogeskyttarar frå Førde kursen mot Kristiansund og NM innandørs. En så stor tropp har klubben aldri sendt til eit meisterskap før. Eldste deltakar er 50 år og yngste er enno ikkje fylt tretten. Talet og aldersspennet speglar den oppblomstringa som bogeskyting opplever både på landsplan og ikkje minst her i Sunnfjord. Det er stifta tre nye klubbar berre sidan nyttår.

Korleis det går kan du følgje med på via IANSEO. Trad skyt 60 pilar frå laurdag kl. 09, mens recurve skyt si innleiing frå kl. 14. Dei første finalerundane går allereie laurdag kveld, medan medaljane skal delast ut på søndag. Vi ønskjer skyttarane våre og alle dei andre lykke til.
Hektisk innspurt

Travle tider


Det er hektisk på bueskytterfronten for tida.
Korrespondansematchen for ungdom er inne i sin siste måned, og vi har flere av våre godt plassert.
- Mathias Vangen Bredesen holder 2. plassen i R4 Gutter
- Nataniel Eide ligger på 6. plass i samme klasse
- Andreas Skålvik leder R5 Gutter klart
- Benjamin Bjerknes holder 3. plassen i T4 når februarresultatet hans blir regnet med.
- Luis Behme har 6. plass i samme klasse
- Anton Behme leder T5 med god margin

Fullstendig oversikt finner du her

Dette lover godt før vi deltar med fire skyttere i Bergen søndag 10. mars, og det er god påmelding til vårt eget stevne i Førdehuset den 17. mars.

Fredag 8. mars sendes påmeldingen til NM innendørs i Kristiansund, og sålangt ser det ut at vi sender 7-8 stykker oppover helga etter påske.
Action i Naustdalshallen

Long time, no update

Når ein nettstad står lenge utan oppdateringar er det enten fordi det ikkje skjer noko, eller så skjer det alt for mykje. Det siste har vore tilfellet i Førde bogeskyttarklubb denne hausten og vinteren. Vi har hatt mykje å gjere; Instruksjon av eit titals nye skyttarar, stemne ein gong i månaden sidan oktober, kurs og mykje anna.

Samstundes skjer det mykje nytt elles i fylket. På stemnet vårt i Naustdalshallen i starten av februar stilte den nystifta klubben Fjordane bogeskytarlag med sju deltakarar, og frå Bergen kom det ni tilreisande. I tillegg til våre eigne skyttarar hadde vi med ein gjest frå Svelgen der dei berre har papirarbeidet att før endå ei aktiv gruppe bogeskyttarar kan ønskast velkomne på skytelina. Så vil du vita kva som skjer i klubben, så får du kjappast greie på det ved å komme innom på treningane. Men litt action kan du få sjå her óg:
Utesesongen er i gang

Tid for lange skudd

Det er ikkje noke galt med å skyte pil og boge innandørs den delen av året det er kaldt og ufyseleg ute. Men når vårsola begynner å skinne og graset gror, er det tid for lange skot. Det er det som er ordentleg bogeskyting.

På Blomereina bak Biltema på Kronborg har vi sett opp fire matter på avstandane 25, 50, 60 og 70 meter. Som vanleg er det trening med kjernetid måndag og torsdag mellom kl. 18 og kl. 20. Veret kan også gjere det litt mindre triveleg innimellom, men her vestpå kan vi ikkje vere så kresne på akkurat det.

Velkomen på trening!
Utendørssesongen er her

Vi flytter ut

Ikkje ulikt sau og kyr som slepp ut på beite når det blir sommar, synest óg bogeskyttarar at grønt gras og høg himmel gir livet ei ny meining.

Så no er utstyret i Førdehuset pakka saman for denne gongen, og frå mandag 30 april møtast vi ved Blomereina bak Biltema på Kronborg. Treningsdagane blir som før mandag og torsdag, men vi startar kl. 18.00.

På grunn av gledeleg mange nye, må dei som skal låne utstyr av klubben rekne med å vente på tur. Men alle skal få framleis få vere med og skyte. Det er no utandørs det er bueskyting på ordentleg.
Side 2 av 7 < 1 2 3 4 5 > >>
Førde Bogeskyttarklubb
Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Presteholten 18 D,
6810 Førde
Tlf.: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
kto.nr.: 3700.35.00234
Org.nr.: NO 993 766 518

Sponsorar
Organisasjonar