Hovudsida · Nyheitsoversikt · Artiklar · Dokument · Søk · Kontakt oss · Logg inn December 13 2017 22:46:52
Navigasjon
Hovudsida
Nyheitsoversikt
Artiklar
Fotoalbum
Nettlenkjer
Kontakt oss

Send lenkje
Send aktivitet
Aktivitets-kalender

<<Des 2017>>
MaTiOnToFrLS
123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Nyaste artiklar
Resultat frå trenin...
Grasrotandelen
Norske rekordar i kl...
Kva er bogeskyting?
Siste innspurt mot våren

Oppkøyring til NM

Innandørssesongen har vært lang og god, men no ser vi fram til at snøen forsvinn slik at vi kan komme oss utandørs og skyte langt igjen. Det er liksom det som er skikkeleg bogeskyting. Men før så skjer har vi et par viktige ting fore.

  • Førstkommande laurdag skal vi halde årsmøte i Førdehuset kl. 16.00. Innkallinga er sendt ut på SMS og delt ut på treningane. Etter årsmøtet er det ein kort dugnad med å pakke stemne utstyret i bilane.
  • Søndag er det klart for eit nytt lokalstemne i Naustdalshallen. Vi begynner å rigge frå kl. 09.00, og om alle hjelper til, er det ikkje noko stress å vere klar til TK kl. 11.15, prøveskyting fra kl. 11.30 og stemnestart rundt kl. 12.00. Vi skyt 60 piler på 18 meter, og ettersom dette er siste stemnet før NM innandørs i Bodø, blir det finaleskyting etter bogetype og skivestorleik. Då får alle høve til å prøve korleis det er å skyte finale.
    Oppdatering:Resultatlista er lagt ut på bueskyting.no
  • I helga 9. og 10. april sender vi fem utøvarar til NM innandørs i Bodø. Tommy Gryttingslien er regjerande meister i kadettklassen, mens Magnus Pilskog Stein og Bjørnar Burdahl held høgt nasjonalt nivå i høvesvis recurve og trad senior. I tillegg skal Ole Magnar Stein og Runa Gjerland i aksjon. Både to har resultat gjennom vinteren som gjer at dei kan hevde seg.
    Oppdatering: Skivefordeling og resultatservice finn de på bueskyting.no
Vi skal følge opp med resultat her på nettsida.
Romsjulsstemne vel gjennomført

Frisk innsats på tampen av året


Romjulsvinnarane samla etter premieutdeling


Tolv bogeskyttarar sette kvarandre stemne i Naustdalshallen denne onsdagen i romjula. Det var ein god blanding av både utstyr og erfaring. Recurve-skyttar Magnus Pilskog Stein har lenge konkurrert på høgt nivå både nasjonalt og internasjonal, mens langboge-skyttar Benjamin Bjerknes (11) frå Sande debuterte. Han har riktig nok vore med i NM for langboge tidlegare i år, men denne dagen skaut han offisiell konkurranse for fyrste gong og sette seg grundig i respekt mot langt eldre deltakarar.
Invitasjon til romjulsstemne

Siste sjanse i 2010

Oppdatering: Ny stemnestad!
Førde bogeskyttarklubb har gleda av å invitere til romjulsstemne. Onsdag 29. desember skyt vi konkurranse med 60 piler/18 meter og finale på Halbrend skule i Førde i Naustdalshallen. Stemnet er for alle approberte klassar.


Påmelding snarast råd, men seinast innan torsdag 23. desember til Førde bogeskyttarklubb.
Friske taktar på stemnefronten.

Trad-skyttarane fossar fram

I helga takka trad-skyttarane Bjørnar Burdahl og Magne Aaberg på veldig kort varsel ja til ein stemneinvitasjon frå Bergen bueskyttere. Allereie tidleg i haust ga Bjørnar beskjed om at eit mål for sesongen var å jakte på den norske rekorden for historisk boge innandørs, 522 poeng. Etter 60 piler under konkurransen søndag var det klart at rekorden overlevde første forsøket. Bjørnar endte på 519 poeng, berre tre poeng bak. Magne gjorde på si side ein fin konkurranse og oppnådde 480 poeng. Desse to møttest óg i finalen der Bjørnar trakk det lengste strået.

Elles er andre runde i Frisk-serien ferdig skutt, og trad-laget vårt har tatt ein formidabel leiing i si gruppe. Recurve-laget slit derimot meir, og har enno til gode å vinne ein match. Ser vi på enkeltprestasjonar, klatrar Bjørnar Burdahl og Magnus Pilskog Stein på 10-på-topplistene. Neste runde går i veke 48.

Alle resultat og tabell frå Frisk-serien finn de her
Friskserien er i gang

Solid seier til trad-skyttarane

Vi kan gratulere trad-laget vårt fra Sande med en soleklar seier i den første runden av årets innendørsserie. I runden som foregjekk i veke 45 skaut Bjørnar Burdahl, Magne Aaberg og Roger Kvist solide 678 poeng til saman på 90 piler.

Dette var 147 poeng meir enn motstandarane frå IF Fløya kunne matche. Vidare er det 63 poeng betre enn nærmaste konkurrent og nesten 100 poeng betre poengdifferanse. Dermed har Førde trad inntatt ein soleklar førsteplass på tabellen i trad, gruppe B.

Les meir
Bogeskytinga inn i idrettsparken

Bystyret slapp oss inn

Seint, men godt:
Eit einstemmig bystyre i Førde vedtok 30. september at bogeskyting er med når dei endelege planane for Hafstad idrettspark skal realiserast. Trass skepsis frå administrasjonen i kommunen gjekk altså dei folkevalde inn for at det skal bereknast plass til bogeskyting når dei endelege planane for idrettsparken no skal utformast og gravemaskinane sendast inn.

Vi takkar for at vi ble høyrt og gleder oss til å spenne bogen der når parken er ferdig.
Bystyret kom innom

Fint folk på besøk

Rett før helga inviterte vi bystyrerepresentantane til å stikke innom oss på trening for å få eit inntrykk av aktiviteten vår. Vi var spente på kor mange som ville prioritere dette på såpass kort varsel, og må sei oss fornøgde med responsen. Både høgre- og venstresida av det politiske spekteret var representerte.

Det blei ein god og avklarande samtale, og sanneleg litt prøveskyting óg. Ordførar Nils Gjerland kunne fortelje at han faktisk hadde vore innom sporten sjølv. Andre i følgjet nytta høvet til å forsøke seg for første gong. No står det att å sjå kva løysingar dei får på plass gjennom drøftingane i bystyresalen på torsdag. Vi takkar for besøket og lar invitasjonen stå open for dei som ikkje fann høve til å besøke oss denne gongen.

Vi er å finne på same stad til same tid helt fram til påske neste år.
Kan bli folksomt på treninga mandag

Bystyret er invitert


I samband med at planutval og administrasjonen i Førde kommune fastheld at det er vanskeleg å sjå bogeskyting som ein del av aktivitetane i den planlagte idrettsparken på Hafstad har vi no invitert bystyret til å komme innom oss på treninga i Førdehuset måndag 27. september.

Formålet med invitasjonen er om mogleg å rydde av vegen eventuelle mistydingar om kva utstyr og tryggleiksnivå som trengst. I tillegg ønskjer vi at politikarane som skal vedta dei endelege planane for ei storslått satsing for idrett og fritidsaktiviterer skal få sj at bogeskyting er ein inkluderande idrett der både stående og sittande utøvarar deltek på like vilkår.

Les invitasjonen til bystyret her!

NRK Sogn og Fjordane har også fatta interesse
Detaljplan for idrettsparken på Hafstad

Kommunen ønskjer ikkje bogeskyting i idrettsparken

Den 31. august gjekk høyringsfristen ut for detaljplanen for den nye idrettsparken på Hafstad i Førde. I går 17. september presenterte rådmann og utvalet for arealplanlegging dei endelege planane for det som no ikkje lenger berre er ein idrettspark, men blir kalla «ein kultur- og aktivitetpark det vil gå gjetord om».

Men blant alle aktivitetane som skal få tumleplass i den nye parken, har ein altså bestemt seg for at bogeskyttarar ikkje passar inn. Dette kjem fram både i eit brev rådmannen la ved høyringutkastet og fastheld ovanfor Firda i eit oppslag laurdag 18. september.

Du kan sjå detaljane og lese vårt innspel til høyringa her
World Cup i Shanghai

Koreanar sette ny verdsrekord

Fjerde runde i verdenscupen i bogeskyting gjekk i Shanghai frå 31. august til 4. september. Trass svært vanskelige værforhold sette koranske IM Dong-Hyun ny verdsrekord under kvalifiseringsrunda. Runda måtte pausast mens vergudane raste frå seg med regn og torden, men etter å ha skote 72 piler på 70 meters hald enda Im opp med utrulege 691 poeng av 720 moglege. Dette var ei forbetring på fire poeng frå resultatet same mannen oppnådde under kvalifiseringa under OL i Athen 2004. Den gongen nådde han ikkje finalen, men det gjorde han altså i Shanghai. ArcheryTV har laga samandrag og lagt ut alle medaljefinalane på Youtube

Men du kan óg sjå dei her.

Vi flyttar inn

Oppstart for innandørssesongen

Etter ein god sesong ute med lange skot i både sol og regn er no tida komen for å flytte inn.

Torsdag 23. september startar vi opp treninga inne i Førdehuset frå kl. 19.00. Då ønskjer vi etablerte og nye utøvarar velkomne til ein sesong som strekkjer seg heilt fram til NM innandørs i Bodø helga 9. og 10. april 2011. I skrivande stund har tre mann allereie tinga flybillettar dit, så det lovar godt for satsinga.
Side 4 av 7 < 1 2 3 4 5 6 7 >
Førde Bogeskyttarklubb
Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Presteholten 18 D,
6810 Førde
Tlf.: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
kto.nr.: 3700.35.00234
Org.nr.: NO 993 766 518

Sponsorar
Organisasjonar