Hovudsida · Nyheitsoversikt · Artiklar · Dokument · Søk · Kontakt oss · Logg inn December 13 2017 22:47:01
Navigasjon
Hovudsida
Nyheitsoversikt
Artiklar
Fotoalbum
Nettlenkjer
Kontakt oss

Send lenkje
Send aktivitet
Aktivitets-kalender

<<Des 2017>>
MaTiOnToFrLS
123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Nyaste artiklar
Resultat frå trenin...
Grasrotandelen
Norske rekordar i kl...
Kva er bogeskyting?
Gode resultat i skive-NM innandørs
NyheiterFørde Bogeskyttarklubb fekk ein fjerdeplass i Recurve herrer senior ved Magnus Pilskog Stein. Det var svært høgt nivå blant dei beste skyttarane i denne klassen og mange spanande og jamne duellar i finalerundane.
Hausten tek oss, no trekk vi i hus.
NyheiterKalenderen viser oktober og hausten er komen. Lauvet fell av trea, temperaturen er blitt endå lågare enn i sommar og bogeskyttarene takkar for seg på Halbrend og trekk i hus. Fram til påske skal vi no halde til innst i idrettshallen i Førdehuset to gonger for for veka.

Nye treningstider:
Tysdag19.00 - 21.00
Torsdag17.00 - 19.00


Velkommen til nye og røynde bogeskyttarar.
Det er framleis gratis å prøve seg om du er nysgjerrig.
Meister atter ein gong!
Nyheiter
Foto: ©Svein Erik / SK Vidar
Foto: © Svein Erik / SK Vidar

Det gjekk ei kule varmt under skive-NM utandørs i Fredrikstad midt i august. Magnus Pilskog Stein låg på andre plass med ordinære 631 poeng etter den innleidande runda. Men då søndagen rann kunne ikkje ein gong god skyting frå landets beste recurveskyttarar eller fullblomstra influensa nekte han å ta plassen heilt på toppen av prispallen.
Magnus vann KM på heimebane
Nyheiter

Konkurransen gjekk av stabelen i Førdehuset laurdag 17. februar. Påmeldinga var ikkje all verda. Berre Loen og arrangørklubben Førde var representerte, men så lenge det er desse klubbane som tradisjonelt har hatt dei dominerande utøvarane kan ingen sei at titlane var av den billege sorten. Det blei skote 2x30 piler på 18 meters hold pluss finalar for recurve og compound senior, og 60 pilar på 12 meters hold for mini junior.
Kort om bogeskyting
Bogeskyting er hobby, trim, tidsfordriv eller toppidrett - alt etter ønskje og trong. Det kan være psykisk og fysisk krevjande om du vil drive på topplan, eller du kan stikke innom på treninga om det passar deg betre. Vidare er det ein idrett som heile familien kan drive. Dette skapar miljø på tvers av generasjonskløfta.

Er du teknisk interessert, har du noko å sysle med resten av livet. Om du er historisk interessert, er emnet uendeleg!

Kort sagt; bogeskyting er idrett for dei fleste, og ein hobby for alle same kva alder, kjønn eller ambisjonar du har.
Sjå kva eg fann på internett!
VideoVideo kan vere nesten like moro som bogeskyting. Kor artig kan ein då ikkje ha det om ein slår desse to sakene i lag? Om det er sant at nordmenn er fødde med ski på beina, så er koreanarar fødde med ein boge i handa. Dette er deira folkesport. I så måte er denne videoen ein oppvising i skytedugleik. Er det filmtriks, så er det umåteleg godt laga.


Side 7 av 7 << < 4 5 6 7
Førde Bogeskyttarklubb
Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Presteholten 18 D,
6810 Førde
Tlf.: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
kto.nr.: 3700.35.00234
Org.nr.: NO 993 766 518

Sponsorar
Organisasjonar