Hovudsida · Nyheitsoversikt · Artiklar · Dokument · Søk · Kontakt oss · Logg inn December 13 2017 22:48:06
Navigasjon
Hovudsida
Nyheitsoversikt
Artiklar
Fotoalbum
Nettlenkjer
Kontakt oss

Send lenkje
Send aktivitet
Aktivitets-kalender

<<Nov 2017>>
MaTiOnToFrLS
12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930

Nyaste artiklar
Resultat frå trenin...
Grasrotandelen
Norske rekordar i kl...
Kva er bogeskyting?
Travle tider

To stemne på tre dagar


Trening i Gaularhallen. Foto: Roger Kvist

Denne veka er det travle tider for bogeskyttarane i Sunnfjord. Først er det kveldsstemne i Førdehuset torsdag 22. januar kl. 19. Der skal det skytast 60 piler på 12/18 meter.

To dagar seinare, laurdag 24. januar kl. 11, brakar det lausatt i den nye Gaularhallen på Sande. Endeleg har våre vener i Gaular pildragarlag fått ein stad å trene, og vi tenkte det kunne vere til hjelp å legge eit stemne dit. Vi skal skyte 30 pilar kvalifisering på 12/18 meter og finalar etterpå.

I pausa mellom kvalifiseringa og finalane er det tanken at publikum kan få teste ut om bogeskyting er like enkelt som det ser ut på kino, og om ikkje dei synest det er like moro som vi synes det er. Over 30 skyttarar frå Bergen til Loen er påmeldt og alle bogetypar er representert. Så er du nysgjerrig på både historisk og moderne bogeskyting er Gaularhallen rette staden for deg.

Startlister og resultat torsdag
startlister og resultat laurdag
Mens vi snakkar om rekordar...

Nye rekordar i fleng


Under kveldsstemnet torsdag 16. oktober var det klart for rekordsskred. Då skaut vi den splitter nye innandørsrunda på 30 piler for første gong. Same runda var berre skote i to stemner andre stader i landet før vi sette i gong, så optimismen var høg. Same korleis det gjekk ville det bli personlege rekordar på alle.

Då er det kjekt å få stadfesta at tre av desse personlege rekordane óg no er godkjende som norske rekordar. Det skjedde den 26. oktober, så noe ventar vi berre på ein ny bunke med diplomar som kjem med posten. Så får vi sjå kor lenge dei held seg, og om det er vi eller andre som hevar lista.
Rekordskred for Mathias

Famnen full av norske rekordar


Det var god stemning på treninga i Førdehuset mandag kveld då Mathias Vangen Bredesen (15) fekk handfast prov frå Norges bueskytterforbund på innsatsen sin under kortrundestemna i Bergen i midten av august. Der sette han ikkje mindre enn fem nye norske rekordar, tre av dei ein klasse over der han høyrer heime etter alderen.

Rekordane han sette var:
- Norsk kortrunde, rec. gutar rekrutt (14-15 år), 35 meter: 254 poeng
- Norsk kortrunde, rec. gutar rekrutt, 25 meter: 272 poeng
- Norsk kortrunde, rec. gutar kadett (16-17 år), 50 meter: 227 poeng
- Norsk kortrunde, rec. gutar kadett, totalt: 753 poeng
- Norgesrunde, rec. gutar kadett, 578 poeng
Klare for NM-finaler
I dag søndag er selve finaledagen under NM skive i Sandefjord, og uansett hvordan det gikk under kvalifiseringene i fredag og lørdag, er det gjennom matchene i dag at medaljefordelingen skjer. Cup er cup, og med sett-skyting er ingenting avgjort før siste pil er sluppet.

Se tidsskjema her
Kvalifiseringsrunden i NM

Det ble tidsvis skikkelig vestlandsvær under seniorklassenes kvalifiseringsskyting under NM i Sandefjord i dag. Godt vi har trent på sånt den siste tida.

Magne Aarberg, Trad herrer, nr 1, 601 poeng (pb)
Trond Brekke, Trad herrer, nr 13, 414 poeng
Runa Gjerland, Recurve Damer, nr 12, 401 poeng
Terje Laukeland, Recurve herrer, nr 34, 436 poeng

I går kvalifiserte Nataniel Eide seg til finale i recurve rekrutt gutter med 517 poeng. Også det personlig rekord.

Lykke til i finalematchene søndag!
NM skive 2014 i Sandefjord startar i dag

I dag starter NM skiveskyting i Sandefjord. Førde bogeskyttarklubb stiller med seks deltakere og deltar i tre av fire divisjoner (buetyper) Først ut er Nataniel Eide i recurve rekrutt gutter som skyter sin kvalifisering i dag kl. 15.00.

Lørdag morgen kl. 08 00 er det klart for seniorklassene i compound, recurve og tradisjonell. Våre deltakere her er:
- Terje M. Laukeland, recurve herrer
- Runa Gjerland, recurve damer
- Magne Aarberg, trad herrer
- Trond Brekke, trad herrer

Endelig plassering avgjøres etter matchskyting søndag.

Mattefordeling, tidsskjema og resultat blir fortløpande oppdatert på IANSO
Klart for NM innendørs 2014

Stor tropp til NM innandørs

I helga, 4. til 6. april, går NM i innendørs bogeskyting av stabelen i Terningen arena på Elverum. Det er meldt rekordstor deltaking med meir enn 400 skyttarar frå over 50 klubbar. Av desse stiller elleve i Førde bogeskyttarklubb si drakt. Dette er den største troppen vi nokon gong har sendt avgårde til eit NM. Du kan følgje skyting runde for runde.

Dei som reiser er:
- Magnus Pilskog Stein
- Terje Movik Laukaland
- Runa Gjerland
- Berit Randi Alden-Håøy
- Ole Magnar Stein
- Jan Roar Sekkelsten
- Mathias Vangen Bredesen
- Nataniel Eide
- Andreas Skålvik
- Magne Aarberg
- Tom A. Wangensteen

Troppen er ein fin blanding av 'gamalt og nytt', noko som viser att spennet vi har i klubben no. Her er både elite, bredde og rekruttering representert på samme måte som bogeskyting opplever både lokalt, nasjonalt og på verdsbasis.
Følged på linken nedanfor. Første kvalifiseringspulje skyt allereie fredag kl. 15.00. Så er det ytterlegare tre puljer på laurdag før finalane på søndag. Stillinga vil bli oppdatert løpande, serie for serie.

Følg med her
Firda skriv om oss!

Ikkje berre ball, eller OL...

I dag var det riktig kjekt å lese sportssidene i Firda.
Helt skutt

Fullt hus i Naustdalshallen


Siste pil er skutt, vestlandssamlinga 2014 er over, Naustdalshallen er rydda og gjestene er på veg heim. Vi håpar at dei er godt fornøydde med både turen og opplevingane. At vi skulle få 53 til start laurdag og 38 på søndag var mykje meir enn vi hadde forventa, men med tålmodighet og gode vener gjekk det stort sett glatt. Vi heldt tidsskjema og vel så det.

Det var mange gode prestasjonar, ikke minst når vi snakkar om to moglege norske rekordar, for trad rekrutt gutter (T4) og trad herrar senior lag, både til Hardanger bogeskyttarklubb. Gratulerer!

I tillegg har også våre eigne folk gjort ein god innsats både på og utanfor banen. For eit stemne er aldri berre det som skjer på skytelina. Godt jobba, alle saman, frå kiosken til sekretariatet. Dette var stor moro, sjølv om det tek på.

Ein stor takk og til aktivitetskoordiantor Sverre Fredriksen i NBF som tok turen til Vestlandet. Han bidrog sterkt då det kokte som verst under finalerundene laurdag, og til at det gjekk greit og glatt også på søndag.

Vi takkar alle for besøket, og ønskjer velkomen tilbake den 29. mars i Førdehuset.
- Resultatliste laurdag, 18 meter, 60 piler + Finaler
- Resultatliste søndag, 25 meter, 60 piler
Vestlandssamlinga 2014

Fullt hus i Naustdalshallen


I helga 22. og 23. februar møtast kremen av bogeskyttarar frå heile Vestlandet til dyst i Naustdalshallen. Her kjem det både norske meistrar og rekordholdarar saman med unge og gamle, ferske og velrutinerte. Ja, det kjem til og med ein austlending.

På laurdager er det finalestemne på 18 meter, og her stiller 53 deltakarar frå Ålesund i nord til Stavanger i sør. Søndagen aukar vi avstanden til blinkane til 25 meter, då med 38 deltakarar på på skytelinja. Eit så stort stemne har vi ikkje arrangert 'i moderne tid', så her må det lagast nytt banemateriell og som arrangørar forventar vi bratt læringskurve.

Stemneestart er kl. 09.30 begge dagane, og vi har kiosk med vafler og anna snadder.
VELKOMMEN! Det er fri inngang for publikum.
Hektisk nyttår

Det nye treningsåret er i gang, og det var godt å komme på plass igjen etter en lang juleferie, ekstra lang for noen.

Ellers er det tett program framover:
- 16. januar, kveldsstevne i Førdehuset
- 31. januar, kveldsstevne i Bergen
- 2. februar, langstevne, 120 piler, i Bergen
- 7.-9. februar, DOMMERKURS i Bergen, kr 750, påmelding umiddelbart
- 22.-23. februar, Vestlandssamling i Naustdalshallen, to stevner og mye moro
- 28. februar, kveldsstevne i Bergen
- 7. mars, påmeldingsfrist, NM inne, Elverum
- 28. mars, kveldsstevne i Bergen
- 29. mars, Finalestevne i Førdehuset
- 4.-6. april, NM innendørs, Elverum

Så her er det bare å komme seg på trening og melde seg på kurs. Høyere aktivitet krever flere dommere og hjelpende hender. Spesielt under Vestlandssamlingen i Naustdal vil vi trenge mer 'banemannskaper' enn ellers.
Side 1 av 7 1 2 3 4 > >>
Førde Bogeskyttarklubb
Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Presteholten 18 D,
6810 Førde
Tlf.: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
kto.nr.: 3700.35.00234
Org.nr.: NO 993 766 518

Sponsorar
Organisasjonar