Under det siste kveldsstemnet denne sesongen, torsdag 15. februar blei det sett ny norsk rekord i Førdehuset. Trioen Sara Eide, Oda Amalie Benjaminsen og Prisha Korkowski skaut seg inn i rekordlistene på 30 piler inanndørs for recurve junior jenter lag. Rett etter påske kom dei synlege bevisa i posten, eit diplom til kvar med forbundets logo og signatur frå presidenten. Det flotte med denne prestasjonen ligg i at Oda og Prisha ikkje har skutt med pil og boge meir enn eit halvt år. Når dei får endå meir trening og endå meir rutine kjem denne og andre rekordar til å falle. Det blir kjekt å følgje denne jentegjengen vidare.
Påskeferie
Heisann!
Nettsida vår har tatt påskeferie etter ein hektisk periode med lokale stemne og NM innandørs på Vigra. Ho kjem sterkare att om nokre dagar.
Prøv igjen då…