Invitasjon til NM innandørs 2019

Førdehuset fasadeJula er rett om hjørnet og vi håpar at det blir ei god høgstid med kvile frå kvardagen for alle landets bogeskyttarar. Restitusjon og sosiale aktivitetar er viktige moment for å kunne yte maksimalt når det gjeld.

Med den offisielle invitasjonen reknar vi med at jula held som lova og varer heilt til påske slik at riktig mange tek den gode stemninga med seg til Førde og NM innandørs 5. til 7. april 2019. Vi skal på vår side gjere det beste vi kan for at opplevinga og 50 årsjubileumet vårt skal bli ein fest.

Viktige datoar:

  • Hotellrom bør reserverast før 15. januar
  • Påmeldingsfristen er satt til 1. mars

Velkommen til oss. La oss fylle Førdehuset med glade bogeskyttarar!

Adventpila 2018

PremiebordTradisjonen tru inviterar vi også i år til to dagar med bogeskyttarmoro i Gaularhallen. Dette har vore fast innslag andre adventhelga dei siste tre-fire åra. Det brukar komme folk fra både sør og nord, i blant òg frå aust. På det meste har det vært over 50 deltakarar.

Konkurranseprogrammer er like tradisjonelt. Sidan mange må reise langt, legg vi opp til to dagar med det vi likar best, mest mogleg skyting. Det blir 60 piler på 12/18 meter på laurdag, og 30 piler på same avstand på søndag. Sjølvlvsagt skal vi ha finalar begge dagar.

Invitasjonen ligg i terminlista til NBF og kan lastast ned her

VELKOMMEN!

Grenselaus idrettsdag

Bogeskyting var eit av tilboda under Grenselaus Idrettsdag i Førdehuset laurdag 17. november. Det var jamne tilsig av interesserte heile tida og alle som ville fekk prøve seg uansett funksjonsnivå. Bogeskyting er noko alle kan meistre på sitt vis. Nokre kom attende gong på gong. Det var tydeleg at dette ga meirsmak.

Ei kjempegåve frå Sparebankstiftinga

Lagbilde med gåvesjekk

Foto: Sparebankstiftinga – Inger Marie Lien

Sparebankstiftinga ga 100 000 kroner til NM innandørs 2019.

– Det blir ein kjempefest å få arrangere NM i bogeskyting i Førdehuset. Det er ei tillitserklæring frå forbundet og resten av bogeskyttarmiljøet i landet til klubben vår, seier Jan Roar Sekkelsten, leiar i klubben.

– Det vil ikkje berre gje utøvarane våre inspirasjon til vidare satsing, men òg ringverknader til naboklubbar og regionen, fortel Sekkelsten.

Ein sport for alle
To dagar i veka møtes bogeskyttarklubben i Førdehuset for å trene. Under treninga torsdag 13. september var også banksjef Roy Stian Farsund til stades, og hadde med seg ei pengegåve på 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som klubben får til å arrangere NM neste år.

– Dette er ein sport som veldig mange kan drive med, uansett alder og ambisjonsnivå. Det er gledeleg å kunne vere med å støtte opp under desse litt mindre idrettane også. Det handlar om breidde og å ha eit variert fritidstilbod til barn, unge og vaksne, seier Farsund.

Bogeskyttarar på line

TREFFSIKRE: Små og store øver for å treffe blink.

Gåva er gitt av Sparebankestiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar banken sitt overskotet. Pengane skal gå til innkjøp av nye skytematter med stativ som er ein føresetnad for å arrangere meisterskapen.

– Etter arrangementet vil halvparten av desse mattene bli fordelt mellom dei andre aktive klubbane i Sogn og Fjordane, seier Sekkelsten.

Samarbeider om arrangementet
Klubben blei starta i 1969 og har i dag ca 40 aktive medlemmer frå heile Sunnfjord i alderen 8 – 68 år.

–  Vi reknar med at ein stad mellom 350 og 400 deltakarar frå heile landet i alderen frå 13 år til nærare 80 år vil kome til Førde. I tillegg til Førde Bogeskyttarklubb er det fem aktive bogeskyttarklubbar/-grupper i Sogn og Fjordane. Desse vil bli trekt aktivt med i den praktiske avviklinga av meisterskapen for å bygge kompetansen og få stemne fleire stader.

Tak over hovudet under NM inne 2019

No er NM skive i Fredrikstad og NM 3D på Røros ferdig skutt, og vi i Førde gratulerar både arrangørar og utøvarar med innsatsen. Måndag 3. september starta vi opp innandørs til ein sesong som har eit storslått mål. Neste gong bogeskyttar-Noreg samlast til NM er det altså i storstova vår, Førdehuset, 5. – 7. april 2019.

Då er det er 41 år sidan sist, og vi håper de stiller mannsterkt til det som óg blir markeringa av 50 år med organisert bogeskyting i Førde. Vedlagt finn de ein oversikt over hotellavtalane vi har inngått og fleire alternative moglegheiter til å skaffe dykk tak over hovudet. I Førde har vi noko for ein kvar smak. Prisar og kontaktopplysingar kan lastast ned herfrå

Vi ønskjer dykk alle saman hjarteleg velkomne!

Norsk rekord for junior jenter

Utøvere med diplomUnder det siste kveldsstemnet denne sesongen, torsdag 15. februar blei det sett ny norsk rekord i Førdehuset. Trioen Sara Eide, Oda Amalie Benjaminsen og Prisha Korkowski skaut seg inn i rekordlistene på 30 piler inanndørs for recurve junior jenter lag. Rett etter påske kom dei synlege bevisa i posten, eit diplom til kvar med forbundets logo og signatur frå presidenten. Det flotte med denne prestasjonen ligg i at Oda og Prisha ikkje har skutt med pil og boge meir enn eit halvt år. Når dei får endå meir trening og endå meir rutine kjem denne og andre rekordar til å falle. Det blir kjekt å følgje denne jentegjengen vidare.

Påskeferie

Heisann!

Nettsida vår har tatt påskeferie etter ein hektisk periode med lokale stemne og NM innandørs på Vigra. Ho kjem sterkare att om nokre dagar.

Prøv igjen då…