Vestlandssamlinga 2014
Publisert av janrose den February 19 2014 20:52:17

Fullt hus i Naustdalshallen


I helga 22. og 23. februar møtast kremen av bogeskyttarar frå heile Vestlandet til dyst i Naustdalshallen. Her kjem det både norske meistrar og rekordholdarar saman med unge og gamle, ferske og velrutinerte. Ja, det kjem til og med ein austlending.

På laurdager er det finalestemne på 18 meter, og her stiller 53 deltakarar frå Ålesund i nord til Stavanger i sør. Søndagen aukar vi avstanden til blinkane til 25 meter, då med 38 deltakarar på på skytelinja. Eit så stort stemne har vi ikkje arrangert 'i moderne tid', så her må det lagast nytt banemateriell og som arrangørar forventar vi bratt læringskurve.

Stemneestart er kl. 09.30 begge dagane, og vi har kiosk med vafler og anna snadder.
VELKOMMEN! Det er fri inngang for publikum.