Helt skutt
Publisert av janrose den February 24 2014 00:19:50

Fullt hus i Naustdalshallen


Siste pil er skutt, vestlandssamlinga 2014 er over, Naustdalshallen er rydda og gjestene er på veg heim. Vi håpar at dei er godt fornøydde med både turen og opplevingane. At vi skulle få 53 til start laurdag og 38 på søndag var mykje meir enn vi hadde forventa, men med tålmodighet og gode vener gjekk det stort sett glatt. Vi heldt tidsskjema og vel så det.

Det var mange gode prestasjonar, ikke minst når vi snakkar om to moglege norske rekordar, for trad rekrutt gutter (T4) og trad herrar senior lag, både til Hardanger bogeskyttarklubb. Gratulerer!

I tillegg har også våre eigne folk gjort ein god innsats både på og utanfor banen. For eit stemne er aldri berre det som skjer på skytelina. Godt jobba, alle saman, frå kiosken til sekretariatet. Dette var stor moro, sjølv om det tek på.

Ein stor takk og til aktivitetskoordiantor Sverre Fredriksen i NBF som tok turen til Vestlandet. Han bidrog sterkt då det kokte som verst under finalerundene laurdag, og til at det gjekk greit og glatt også på søndag.

Vi takkar alle for besøket, og ønskjer velkomen tilbake den 29. mars i Førdehuset.
- Resultatliste laurdag, 18 meter, 60 piler + Finaler
- Resultatliste søndag, 25 meter, 60 piler