Mens vi snakkar om rekordar...
Publisert av janrose den November 05 2014 15:56:37

Nye rekordar i fleng


Under kveldsstemnet torsdag 16. oktober var det klart for rekordsskred. Då skaut vi den splitter nye innandørsrunda på 30 piler for første gong. Same runda var berre skote i to stemner andre stader i landet før vi sette i gong, så optimismen var høg. Same korleis det gjekk ville det bli personlege rekordar på alle.

Då er det kjekt å få stadfesta at tre av desse personlege rekordane óg no er godkjende som norske rekordar. Det skjedde den 26. oktober, så noe ventar vi berre på ein ny bunke med diplomar som kjem med posten. Så får vi sjå kor lenge dei held seg, og om det er vi eller andre som hevar lista.