Travle tider
Publisert av janrose den January 20 2015 20:51:59

To stemne på tre dagar

Trening i Gaularhallen. Foto: Roger Kvist

Denne veka er det travle tider for bogeskyttarane i Sunnfjord. Først er det kveldsstemne i Førdehuset torsdag 22. januar kl. 19. Der skal det skytast 60 piler på 12/18 meter.

To dagar seinare, laurdag 24. januar kl. 11, brakar det lausatt i den nye Gaularhallen på Sande. Endeleg har våre vener i Gaular pildragarlag fått ein stad å trene, og vi tenkte det kunne vere til hjelp å legge eit stemne dit. Vi skal skyte 30 pilar kvalifisering på 12/18 meter og finalar etterpå.

I pausa mellom kvalifiseringa og finalane er det tanken at publikum kan få teste ut om bogeskyting er like enkelt som det ser ut på kino, og om ikkje dei synest det er like moro som vi synes det er. Over 30 skyttarar frå Bergen til Loen er påmeldt og alle bogetypar er representert. Så er du nysgjerrig på både historisk og moderne bogeskyting er Gaularhallen rette staden for deg.

Startlister og resultat torsdag
startlister og resultat laurdag
Utvidet nyhet