Hovudsida · Nyheitsoversikt · Artiklar · Dokument · Søk · Kontakt oss · Logg inn December 13 2017 22:47:10
Navigasjon
Hovudsida
Nyheitsoversikt
Artiklar
Fotoalbum
Nettlenkjer
Kontakt oss

Send lenkje
Send aktivitet
Aktivitets-kalender

<<Des 2017>>
MaTiOnToFrLS
123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Nyaste artiklar
Resultat frå trenin...
Grasrotandelen
Norske rekordar i kl...
Kva er bogeskyting?
Kva er bogeskyting?
Pil og boge har vore nytta til jakt og krigføring over heile verda, og ein kan vanskeleg overvurdere kva verdi denne reiskapen har hatt for historia. Dei eldste sikre spor av pil og boge er omlag 10.000 år gamle, men einskilde hevdar at pil og boge kan ha vore nytta så langt attende som for ca 40.000 år sidan. Bogeskyting var grunnlaget for å skaffe seg mat i uminnelige tider. Vidare var dugande bogeskyttarar viktige for nasjonal og personleg tryggleik langt opp mot den industrielle tidsalder.

I si tid var fotball i ein periode forbode i England fordi ungdommane heller ville spele ball enn å tileigne seg naudsynt dugleik i bogeskyting. Gevær og krutt fekk i utgangspunktet gjennomslag som militært utstyr fordi det gjekk raskare å trene/erstatte ein tapt geværskyttar enn ein god bogeskyttar. Om du er historisk interessert finnest det utruleg mykje å fordjupe seg i og la seg fascinere av. Bogeskyting i slik vi gjer det i dag er en spanande sport som har mykje å tilby til dei fleste, og for mange vert bogeskyting, bogejakt og bogebygging ein livsstil meir enn berre ein hobby. Det er vanskeleg å sjå nokon sport/idrett som har lengre tradisjonar enn bogeskyting.

Det finnest eit utal ulike bogetypar og design på markedet. Litt forenkla kan vi dele dei inn i to hovudtypar; dei tradisjonelle- og dei moderne bogane. Ein tradisjonell boge er ein 'enkel' boge utan nokon form for påmonterte hjelpemiddel. Nokon bruker uttrykket barebow, medan andre kallar det for enkel, klassisk eller naturleg bogeskyting. Bogen er som regel laga av kun tre, eller av tre- og glassfiberlaminater. Den kan vere utforma som ein meir eller mindre rettlemma langboge, eller ha ulike grader av recurvedesign. Dei moderne bogane omfatter typane compound og olympisk recurve. Compoundbogen er en high-tech boge utstyrt med ei rekkje tekniske hjelpemiddel som m.a vektstabilisatorar, optiske siktemiddel og mekanisk utløysar. Ein olympisk recurveboge er en noko enklare type enn compoundbogen, men denne er òg utstyrt med påmonterte hjelpemiddel som sikte og stabilisatorar. Namnet kjem av at det er sistnemnde type som vert brukt i olympiske leikar. Dei moderne bogane har vore dei mest utbreidde sidan 70-talet. Likevel visar det seg at det er en stadig aukande interesse for dei tradisjonelle bogene. Om du vel ein moderne eller ein tradisjonell boge spelar mindre rolle så lenge du finn fram til det du trivst best med.

Barebow:
Klassar for dame/herre/junior innanfor 3D-, jakt- og feltskyting. Her vert det nytta ein enkel boge utan tilleggsutstyr, men pilhylle og klikker er lov. Bogen kan vere laga av moderne material og form, f.eks recurveboge i glass- eller karbonfiber. Langboger er òg tillate. Sikteteknikk med strengeklatring er lovleg.

Langboge:
Dette er den tradisjonelle og dermed òg den eldste bogetypen. Her skyt ein 3D-, jakt- og felt som i barebow, men det er ikkje lov med recurve (Amorbuefasong). Sikteteknikk med strengeklatring er ikkje lovleg. Det er lov å nytte trelaminat og glasfiber i bogen. Metall kan berre nyttast i samanleggbare boger. Sjå meir info på Langbue.no

Olympisk/Recurve:
(Klassisk) Klasser for damer/herrar/mini-, yngre- og junior/senior ABCD og Herre/Dame over 50 år. Her kan ein nytte ymse sortar hjelpemiddel som stabilisatorar, vekter, optiske sikte, klikker, pilhylle og avfjøyring (plunger) m.m. montert på bogen. Brukast til skyting på avstandar frå 12 (minijunior innandørs) opp til 90 meter (klasse A, utandørs FITA). I OL skyt ein på 70 meter.

Compound:
High-tech boge med trinsesystem som gir høgt spenn. Ein nyttar oftast mekanisk utløysar/avtrekkar. Klasse- inndelinga er som i olympisk. Streng og kablar med trinser/kam/stabilisatorar/optiske sikte med meir er tillate. Olympisk og Compound er dei vanlagste klassane.

På grunn av alle klassane kårar Norges Bueskytterforbund ei rad norgesmeistrar kvart år.

Kjelder: Tradbow Norge, Norsk Langbuelag, R. Hermann - 'Da fotballen ble rund'
Kommentarer
Ingen kommentare er skrevet.
Skriv kommentar
Vennligst logg inn for skrive kommentarer.
Førde Bogeskyttarklubb
Leiar: Jan Roar Sekkelsten
Presteholten 18 D,
6810 Førde
Tlf.: 911 48 702
E-post: forde@bueklubb.no
kto.nr.: 3700.35.00234
Org.nr.: NO 993 766 518

Sponsorar
Organisasjonar