For ei herleg – og spennande – oppleving det nordiske meisterskapet i Odense vart. Søndag toppa det seg med sølv til det norske laget med Christian Eide (Førde), Linus Frøhaug og Jonas Søberg (Ullensaker). Gullfinalen sikra dei ved å slå Danmark 2 i ein nervepirrande semifinale. Noreg vann på shoot off. Danskane var forøvrig seeda som nest best av tolv lag etter innleiande. Nordmennene som nummer tre.
I finalen venta eit nytt sterkt dansk lag, som var seeda som det beste laget. Christian & co gav seg ikkje utan kamp og levert 57 (!) poeng då dei som einaste lag tok poeng frå danskane. Med stillinga 4-2 skjerpa danskane seg igjen. Dermed kunne både den norske leiren (og vi her heime) sleppe jubelen laus over SØLV i Nordisk Meisterskap. GRATULERER!
Det vart også fleire flotte prestasjoner for Vestlandet:
BU21K Christin Sofie Wiklund, Bergen bueskyttere
RU18H Hamed Amiri, Fana Bueskytterklubb
I tillegg vart Håvard Ringen Synnes frå Vigra IL Bueskyttere nummer fire i klassa CU16H.
Og så sjølvsagt vår eigen Christian med solid pers og internasjonal meisterskapsdebut med femteplass i RU16M.
Foto: Kathrine Storesund, Bergen