Parkerte trenaren

Personleg rekord til Madelen
Trioen Madelen, Christian og Jan Roar brukte laurdag 15. februar på 60-pilerstemne hos Fana Bueskytterklubb. Og for ein laurdag!
Madelen persa solid frå 496 til 515 poeng i R4. Første gang over 500 der altså! Christian persa frå 519 til 521 i R2. Med det parkerte dei fullstendig trenar Jan Roar (432), som ifølgje seg sjølv fann flyten og flaut utover. Christian for sin del avslutta med 86 av 90 moglege poeng på siste ni piler. To av rundene gav full pott – altså 30 poeng! Og klassesiger.
Dette var fin oppladning til NM, sjølv om finaleskytinga mangla.
3x10 - Bingo til Christian

Eit godt (nytt) år

Tre som kom på pallen i NM skive
Vi er berre midtvegs i innandørssesongen, men likevel er det grunn til å lekke nokre høgdepunkt frå årsrapporten for 2024 som visar god framgang både sportsleg og organisatorisk:
  • Vi har arrangert 13 stemne med totalt 140 deltakarar
  • Vi har hatt 18 utøvarar i aksjon med tilsaman 147 stemnestarter
  • Vi tok tre pallplassar individuelt og ein for lag i NM innandørs
  • Vi fekk to norgesmeistrar og ein bronse individuelt, sølv for lag utandørs
  • Vi hadde ein med på laget som tok et overraskande norsk sølv under NUM
  • Våre utøvarar har sett norske rekordar på rekke og rad, både individuelt og som lag
  • Vi har hatt klubbkveldar om ernæring, om mental trening og idrettspsykologi, og med sosial leik og moro
  • Vi har hatt samlingshelger med landlagstrenar Morten Bøe
  • Vi har auka kompetansen i klubben med ein ny trenar2 og to nye dommarar
  • Vi har demonstrert bogeskyting for omverda gjennom familielaurdagar i Førdehuset, under NAF sitt ungdomsarrangement i Kråkenesmarka, og som team-building
  • Rett før jul fekk vi òg tilgang til ekstra treningslokale og -tid for dei som vil satse endå meir konkurranseretta.
Kort sagt, det har vært eit godt og framgangsrikt år. Vi kan berre glede oss til fortsettinga. La 2025 komme!
Godt nytt år til alle vener, støttespelarar og medskyttarar!
Førde bogeskyttarklubb har kalla inn til årsmøte i sakralrommet på Førdehuset, Angedalsvegen 5,  torsdag 27. mars kl. 19.00.
To med nye norske rekorder

Rudolfskyting

Rudolfskyting er den årvisse juleavslutninga, og den vart akkurat så festlig som den plar. Julemusikk, juleboger, julekostyme – og julegløgg og julekaker. Masse julekaker
Lene var mest treffsikker då ho avslørte nissefars hemmelege nisseblink, medan Madelen vart røysta fram som mest julete. I hard kamp…
Med det ynskjer vi vår bogeskyttarfamilie og vener ei retteleg God jul

Trenar- og ungdomssamling i Naustdal

Vi legg bak oss ei effektiv og ikkje minst produktiv trenar- og ungdomssamling. Vi snakker både kvantitet og kvalitet på sleppte piler. Enkelte sleppte 300 (!) piler i løpet av helga. Og gode tilbakemeldingar og rettleiing.
På toppen av det fekk også Madelen og Christian sine velfortjente diplom for norske rekordar (lag og individuelt U16) under dobbel 720 i Fana tidlegare i haust. Gratulerer!
Kven kunne vore betre til å rettleie skyttarar og trenarar enn landslagstrenar Morten Bøe? Som i fjor. At han ser kvar einskild var tydeleg å sjå. Han meinte det var tydeleg å sjå stor progresjon frå i fjor. Likevel fekk kvar einskild punkt å jobbe vidare med i treningskvardagen (og som trenarane må hjelpe til med å passe på )
At vi har tilgang til ein slik kapasitet som landslagstrenaren er uvurderleg for klubbar som Førde. Både for skyttarar og trenarar. Vi håpar å sjå deg igjen, Morten
Når det er sagt, så rettar klubben også ei stor takk til gode støttespelarar som Thon Hotels i Førde, Naustdal Dampbakeri a/s og #Extrakronborg som mellom anna sytte for lunsj begge dagar. Og til Verftet.fun for ein sosial laurdagskveld. Utan slik støtte hadde det vore krevjande å arrangere ei slik kompetanseheving hos skyttarar og trenararnivå.
Førde bogeskyttarklubb har avtale med Arctic Buesport👌

Bestod maraton med glans

Tre Førdeskyttarar på linja, og klubben tok med seg tre (Edit: moglege) norske rekordar heim frå ope klubbmeisterskap i Fana. 🇳🇴
Vel gjennomført 2×720 – altså 144 piler, eller to NM på ein dag, som Jan Roar kalla det.
Christian vann R4 med 1273 poeng, Madelen noterte seg for 946 poeng. Det gir norsk rekord for gutar og jenter U16, samt norsk rekord for mix-lag U16 med 2216 poeng. Jan Roar fekk 995 poeng, og vart nummer tre i R2.
Dette var årets siste stemne utandørs, og vi takka Fana Bueskytterklubb for eit kjekt arrangement

Madelen og Christian slo til med ny norsk rekord på 2×720 for RU16 mix2-lag med solid margin

Full pott i NM skive 2024

Då var NM over for våre skyttarar. Og for ei avslutning; Terje vann sinn gullfinale, Christian vann sin gullfinale og Ane vann bronsefinalen. Med andre ord full pott!
Fasiten etter året NM blir altså to individuelle gull, eitt lagsølv og ei individuell bronse til Førde bogeskyttarklubb
I U18-klassa vart Vilde og Lene høvesvis nummer sju og åtte. Ella vart nummer fem i U16-klassa.
Bueskytterregion Nordvest hadde fleire skyttarar i sving, og var representert i ni av dagens finaler. Snakk om medaljedryss over regionen
Foto: Kristine, Terje og Atle Reidar.
Førde bogeskyttarklubb har utstyrsavtale med Arctic Buesport

Synlege bevis

Etter regionmeisterskapet i august  vart det delt ut diplom for norske aldersrekordar som skyttarane våre har sett utandørs i år.
Vilde og Alexander på Mixed-lag under Noregsrunda, og Christian for individuell rekord på 50 m under Halv 1440. Saman med Ane vart det også mix-lagrekord for årsklassa. Ane får sitt diplom ved første høve. Gratulerer!

Dejlig å vere førdianar i Danmark

For ei herleg – og spennande – oppleving det nordiske meisterskapet i Odense vart. Søndag toppa det seg med sølv til det norske laget med Christian Eide (Førde), Linus Frøhaug og Jonas Søberg (Ullensaker). Gullfinalen sikra dei ved å slå Danmark 2 i ein nervepirrande semifinale. Noreg vann på shoot off. Danskane var forøvrig seeda som nest best av tolv lag etter innleiande. Nordmennene som nummer tre.
I finalen venta eit nytt sterkt dansk lag, som var seeda som det beste laget. Christian & co gav seg ikkje utan kamp og levert 57 (!) poeng då dei som einaste lag tok poeng frå danskane. Med stillinga 4-2 skjerpa danskane seg igjen. Dermed kunne både den norske leiren (og vi her heime) sleppe jubelen laus over SØLV i Nordisk Meisterskap. GRATULERER!🇳🇴🥈
Det vart også fleire flotte prestasjoner for Vestlandet:
🥇BU21K Christin Sofie Wiklund, Bergen bueskyttere
🥈RU18H Hamed Amiri, Fana Bueskytterklubb
I tillegg vart Håvard Ringen Synnes frå Vigra IL Bueskyttere nummer fire i klassa CU16H.
Og så sjølvsagt vår eigen Christian med solid pers og internasjonal meisterskapsdebut med femteplass i RU16M.
Foto: Kathrine Storesund, Bergen

Utan mat og drikke

Det er nok mykje rett i ordtaket om helten som ikkje duger. Det fekk elleve deltakarar høyre då klinisk ernæringsfysiolog Camilla Laukeland heldt eit aldri så lite føredrag for klubben i kveld. Ho jobber ved sjukehuset, men har også bakgrunn frå mellom anna Haukeland og Olympiatoppen. Ho fortalde om kva som er viktig å tenke på i kvardagen, og opp mot trening og konkurransar.
Kor mykje mat ein treng er individuelt, men felles for alle er behovet for eit variert kosthold. I tillegg er det viktig med kvile og drikke. Matvanene kan også påverke konsentrasjonen, ein viktig del av det å skyte beint.
Klubben takkar Camilla for nyttige råd om matvaner. Trenar og leiar, Jan Roar, overrekte også ein blome som takk

Rekordras på Halbrend

Halv 1440; 72 piler fordelt på fire ulike avstandar, åtte skyttarar på linja – og nok ein norsk rekord til skyttarar frå Førde bogeskyttarklubb
Laurdag var det Ane og Christian som varta opp med god laginnsats og forbetra Ullensakers norske rekord i recurve U16 mix2 på halv 1440-runde med hele 251 poeng til 1034.
REKORD FØLGJER BOGE
Som del av lagrekorden heva også Christian rekordnoteringa for recurve gutter U16 på 50 meter med tre poeng fra 148 til 151 poeng
Det som er veldig artig her, er att det er same boge som har sett begge rekordane. Christian fekk seg jo ny boge, og den bogen kjøpte han frå vedkomande som hadde den gjeldende rekorden. Rekorden skifta eigar, men vart altså sett med same boge.
NESTEN REKORD
Det var også andre som tydeleg gav beskjed om kvar lista skal ligge under stemnet på Fosseflata.
Martinus Grov skaut 658 og var berre få poeng bak sin eigen rekord frå 90-tallet. Den tre gonger OL-deltakeren (vart nummer fire i Barcelona 1992) la opp som aktiv utøvar for 20 år sidan. Han kan fortsatt kunsten

Christian og Ane in action